Oppvelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppvelling nær kysten på grunn av ekmantransport vinkelrett på vindretninga på den sørlege halvkula

Oppvelling er ei form for vertikal blanding av vassmassar som skjer under bestemte vilkår i havet, og som fører til at kaldt, tungt og næringsrikt vatn frå botn kjem opp og erstattar overflatevatnet.

Når vind bles over ope hav, vil dei øvre vasslaga bli dradd med i vindretninga, men på grunn av corioliseffekten vil vasstraumen i overflata bøye av 45º til høgre for vindretninga på nordlege halvkule, og 45º til venstre på den sørlege. Det vil seie at visst den dominerande vindretninga ein stad på den nordlege halvkula enten er frålandsvind eller slik at kysten ligg på venstre side for vindretninga, vil de øvre vasslaga blir før bort frå kysten. Dermed strøymer det opp vatn frå djupet for å erstatte vatnet som strøymer bort i overflata. Dette fenomenet vart først skildra av den svenske oseanografen Vagn Walfrid Ekman i 1902, og vert kalla Ekman-transport.

Eit liknande fenomen finn ein i verdshava langs ekvator. Her fører dei austlege passatvindane overflatevatn vekk frå ekvator mot nord og mot sør, og ei oppvelling oppstår ved ekvator.

I Sørishavet skjer det ei storstilt oppvelling. Her bles det ein sterk og vedvarande vestavind rundt Antarktis, og overflatevatn driv vekk frå iskanten, og vatn strøymer opp frå havdjupet. I mange oseanografiske modellar er oppvellinga i Sørishavet ein viktig drivkraft for straummønsteret i verdshava.

Oppvelling er viktig for primærproduksjonen av planteplankton. Botnvatnet er rikt på næringssalt som stammar frå daudt organisk materiale som fell mot botn, medan overflatevatn normalt er næringsfattig. Når det næringsrike vatnet kjem opp i dei øvre vasslaga der lyset kan trenge ned, ligg forholda til rette for oppvekst av planteplankton. Oppvellingsområde har derfor ein høg produksjonsevne målt i g karbon pr. m². Planktonet gjev i sin tur grunnlag for ein høg produktivitet oppover i havet sin næringskjede; derfor er oppvellingsområde fiskerike, og gjev grunnlag for viktige fiskeri.