Opsjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ein opsjon er eit verdipapir som gjev ein rett, men inga plikt, til å kjøpe eller selje ein bestemt aksje (eller indeks, i nokre få tilfelle) til ein bestemt pris på eller innan ein bestemt framtidig dato. Dersom det også er ei plikt, kallar vi det i staden ei terminkontrakt.

Vi skil vidare mellom ein kjøpsopsjon/call (rett til å kjøpe til ein bestemt pris) og ein salsopsjon/put (ditto selje). På Oslo Børs er det berre for OBX-indeksen og 14 av dei største børsnoterte selskapa at ein kan kjøpe og selje opsjonar.

Opsjonshandel kan hovudsakleg ha to formål:

  • Verke som ei forsikring. Dersom du eig ein aksje, kan du kjøpe salsopsjonar for å sikre deg mot kursnedgang.
  • Spekulasjon, for å tene pengar på feilforventningar i marknaden. Dersom du trur aksjekursen skal opp (meir enn marknaden forventar), kan du t.d. kjøpe ein kjøpsopsjon, trur du kursen skal ned (meir enn forventa), kan du kjøpe ein salsopsjon. Det finst òg ei mengde meir avanserte strategiar. Dessutan er det mogleg å spekulere i å utstede opsjonar, men det er vanskeleg å utstede opsjonar for «den meinige investor».

Opsjonar kan òg bli gjeve som ein del av løna til tilsette i aksjeselskap, oftast til dei som jobbar i toppleiinga. Formålet med dette er å gi dei incentiv til å gjera ein god jobb, slik at selskapet går godt og aksjekursen aukar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]