Opticom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Utdatert
Treng oppdatering: Denne artikkelen eller seksjonen er ikkje oppdatert med ny utvikling eller ny informasjon. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å oppdatere han.

Opticom ASA var eit norsk forskings- og utviklingsselskap. Opticom-aksjen var oppført på Oslo Børs i 1997 og har vore på A-lista sidan første omsetjingsdag i 2000. Sidan selskapet vart skipa i 1994 har Opticom operert sin eit forskings- og utviklingsselskap innan det framveksande feltet polymerelektronikk. Selskapet har eine og aleine fokusert på utvikling av lagrings- og minneeiningar frå polymere materiale som kan prosesserast i flytande tilstand.

I mange år har selskapet utvikla polymerbaserte minnebrikker gjennom selskapet sitt majoritetseigde dotteselskap Thin Film Electronics (TFE). Opticom og Intel - som eigde ein minoritetsdel i TFE - har avvikla TFE sitt arbeid grunna tekniske og kontraktuelle problem. Opticom har varsla deira intensjon om å forfølgje andre moglegheitar for teknologien TFE sine minneløysingar er bygd på. Opticom eig òg nær ein tidel av Fast Search and Transfer. Opticom vert ofte nytta som eit døme på Internettbobla i 2000, da selskapet nådde ein marknadskapitalisering på meir enn $8 billionar på det meste, stendig utan innkome.