Optisk midtpunkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit optisk midtpunkt i ei linse er eit punkt karakterisert ved at kvar og ei lysstråle gjennom punktet ikkje endrar retning ved å passere gjennom linsa. Optisk midtpunkt er ei tilnærming som blir brukt ved tynne linser. Når denne tilnærminga ikkje kan brukast, ved tjukke linser og samansette linsesystem, blir det optiske midtpunkt erstatta av to knutepunkt. Ein stråle som treffer systemet i retning mot det eine knutepunktet, forlèt linsa parallelt, men ut frå det andre knutepunktet. Det optiske midtpunktet kan liggje utanfor linsa ved usymmetriske linser, som menisklinser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]