Orkesterleiar

Ein orkesterleiar, også kalla dirigent, er ein person, som vanlegvis både leiar eit orkester under framføringar, og også står for innstudering under orkesterprøvene. Orkesterleiaren har ei vesentleg rolle i dei kunstneriske vala: Tempo, intonasjon og så vidare. Særleg i klassisk europeisk komposisjonsmusikk blir orkesterleiaren (dirigenten) rekna for ein sjølvstendig musikar på line med solistane.
Ved ei framføring står dirigenten gjerne på eit lite podium med eit partitur framfor seg. Han leier orkesteret med hendene og andletet. Tradisjonelt blir høgrehanda nytta til å visa tempo, taktart, dynamikk og rytmiske tyngdepunkt, medan venstrehanda, blikk og ansiktsuttrykk kan nyttast til å oppgjev andre detaljar og karakteren til musikken. Mange dirigentar kan nytta taktstokk (dirigentpinne) til å framheva handrørslene.[1]
Ein orkesterleiar vil ofte også vere kordirigent.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Orkesterleiar» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Yrkesskildring av dirigent ved Utdanning.no