Orlando i Florida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Orlando
Land  USA
Stat Florida
Areal 308,41 km²
Folketal 307 573 (1. april 2020)[1]
Kart
Orlando
28°32′1″ N 81°23′12″ W
Wikimedia Commons: Orlando, Florida
Orlando sett frå Lake Eola

Orlando er ein by i Orange County i Florida i USA, og administrasjonssenteret i Orange County. Byen er kjend for turistattraksjonane som ligg i området, som Walt Disney World (som ligg i Lake Buena Vista utanfor bygrensa), SeaWorld og Universal Orlando Resort.

Mange turistar reiser til Orlando for å besøke fornøyelsesparken Disney World. Byen er den 24. største byen i heile USA, og den 6. største blant dei sørlege byane. I 2016 hadde byen rundt 240 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før den europeiske busetnaden byrja i 1536 var Orlando-området folkesett av semiolefolk. Det er få arkeologiske stadar i dette området i dag, bortsett frå ruinane av Fort Gatlin langs kysten av dagens Lake Gatlin sør for sentrum av Orlando. Byen vart grunnlagd i 1856 og har utvikla seg sidan han fekk togsamband i 1880 til eit senter for landbruksvarer (spesielt sitrusfrukter). Sidan andre verdskrigen har han hatt stor pågang av blant anna elektronikkselskap relatert til flyindustrien, men har vorte særleg påverka av turisme etter opninga av Walt Disney World 40 km utanfor sentrum i 1971.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Orlando er òg kjend som fornøyelsesparkens hovudstad, og i 2014 var det over 62 millionar turistar som vitja fornøyelsesparkane her.

Byen er òg ein av dei travlaste amerikanske byane for konferansar og kongressar; Orange County Convention Center er han nest største konferanseanlegg i USA

Seinare har Orlando opna opp for mange andre store fornøyelsesparkar. Dei har òg opna mange hotell, kjøpesenter, golfbanar osb. Dette gjer sørlege Orlando til eit stort turistområde. I tillegg ligg både Disney-MGM Studios og Universal Studios i Florida her, begge opna i 1990.

Universal Studio Florida[endre | endre wikiteksten]

Universal Studio Florida er ein fornøyelsespark som ligg i Orlando. Fornøyelsesparken opna 7. juni 1990, og temaet til parken er underhaldningsindustrien, spesielt filmar og TV.

Walt Disney World[endre | endre wikiteksten]

Walt Disney World Resort er eit underhaldningskompleks på Bay Lake og Lake Buena Vista i nærleiken av Orlando som vart opna 1. oktober 1971. Walt Disney World er den mest besøkte feriestaden i verda med 52 millionar gjester årleg.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Orlando er heimstaden til to kjende lag: Orlando Magic, som spelar i det Nasjonale Basketball Assosiasjonen (NBA), og Orlando City SC som spelar i den amerikanske fotballserien Major League Soccer (MLS).

The Amway Center.

Orlando har også to mindre kjende idrettslag - Orlando Solar Bears ECHL, som er eit ishockeylag, og kvinnefotballaget Orlando Anarchy. Ishockeylaget deltok i internasjonale Hockey League.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.