Oro jaska beana
Utsjånad
«Oro jaska beana» Singel av The BlackSheeps | ||
Land | Noreg | |
Språk | Norsk, samisk | |
Utgjeve | 2008 | |
Låtskrivar(ar) | The BlackSheeps |
---|
«Oro jaska beana» ('Tei still, hund!') var det norske bidraget og vinnarsongen i Melodi Grand Prix Junior 2008 og Melodi Grand Prix Junior Nordic 2008.
Songen er skriven og vart framført av The BlackSheeps med vokalisten Agnete Kristin Johnsen, bassisten Alexander Touryguin, trommeslagaren Viktoria Eriksen og gitaristen Emelie Nilsen.
Teksten i songen er på norsk og nordsamisk. Songen handlar om ein hund som er så tjukk og usunn at han til slutt blir sjuk. Han sluttar med at matmora skrik «Čuoččas bajás ja ruohta» ('reis deg og løp!') og «Jienát veahá beana» ('gje litt lyd frå deg!').
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- NRK (teksten) Arkivert 2008-12-21 ved Wayback Machine.
- NRK (om bandet) Arkivert 2008-12-21 ved Wayback Machine.