Oscillator

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjematisk teikning

Ein oscillator, svingar eller svingekrets er eit system som utfører svingingar av kva for ein som helst art (mekaniske, akustiske, elektriske).

Mekanisk oscillator[endre | endre wikiteksten]

Ein mekanisk harmonisk oscillator oppstår når ein fri rørleg lekam påverkast av ei kraft som alltid er retta mot likevektsstillinga og er proporsjonal med avstanden til lekamen frå denne, til dømes elastiske svingninger ved små utslag. Den udempa harmoniske oscillatoren utfører reine sinussvingingar (harmoniske svingninger) omkring likevektsstillinga.

Elektriske oscillatorar[endre | endre wikiteksten]

Elektriske oscillatorar genererer udempa, periodiske elektriske spenningar av ulike former (oftast sinusforma), og inngår i mange typar elektronisk utstyr.

I teoretisk fysikk skildrast atoma og rørslene deira, t.d. i krystallgitter, som elektriske oscillatorar. Studiet av desse oscillatorane og den strålinga (lys, varmestråling) dei skapar, har vore grunnleggjande for forståinga av oppbygginga til materien og for utviklinga av kvantemekanikken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]