Osja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Osja
elv
Land Flag of Russia.svg Russland
Nedslagsfelt 21 300 km²
Lengd 530 km
Kjelde Atsjikul
Munning Irtysj

Osja (russisk О́ша) er ei elv i Omsk oblast i Russland og ei av sideelvane til Irtysj frå venstre. Elva er 530 km lang og har eit nedslagsfelt på 21 300 km².

Osja renn ut frå innsjøen Atsjikul (4,5 km²), som knyt som Tenis (118 km²) og Saltaim (146 km²) saman. Elva renn over Den vestsibiriske sletta.

Osja får hovudsakleg vasstilførsel av snøsmelting. Middelvassføringa hennar 316 km frå munningen er om lag 2,4 m²/s. Elva frys til i oktober og vert isfri att i slutten av april.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]