Osterøy museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°30′8.6904″N 5°32′41.694″E

Frå tunet

Osterøy museum er eit kulturhistorisk museum for Osterøy kommune i Hordaland og dei næraste bygdene. Museet skal samla, ta vare på og elles dokumentera kulturminne frå dette området. Museet, som vart skipa i 1920, ligg vakkert til på ein sandbanke på Gjerstad. På tunet med i alt 10 tilflytta bygningar, kan du henta kunnskap og kveik anten du vil søkja deg attende til det gamle bondesamfunnet, vil oppleva skulestellet på veglause stader i Osterfjorden, eller du vil oppdaterast på nyare tids industri og handverk.

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Byggjeskikken på Strilelandet er godt representert, med røykstover og lemstover, loft, eldhus murt i stein og grindbygd løe.

Til samlinga høyrer også anlegg på rot; museet eig to kvernhus som står på opphavleg plass. Det mangfaldige næringslivet på Osterøy er representert med to garveribygningar: Barkhuset på brakvatne og Garverimuseet på Valestrand, og to smier: Gjerstad låsfabrik frå 1880-åra og Mjedlasmia i Mjeldalen – ei bygdesmie frå 1917.

Samlingar[endre | endre wikiteksten]

Museet har ei samling på vel 12.000 gjenstandar; innbu, tekstilar og reiskap knytt til landbruk, handverk og småindustri.

I 1996 mottok Osterøy museum ei verdfull samling med vogner og utstyr for hest frå ein lokal samlar, Mons Jakobsen. Delar av samlinga vert utstilt i det nye museumsbygget, som i tillegg til utstilling også rommar magasin, kontor og verkstad.

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

Kommunearkiv og lokalhistoriske arkiv utgjer ein viktig del av museet. Arkivet etter kommunane Hosanger og Hamre fram til kommunesamanslåinga i 1964 finst her. Likeeins delar av Haus. Lokalhistorisk arkiv inneheld mellom anna bedrifts-, organisasjons- og gardsarkiv. Museet ser det som viktig at arkiva til lokale bedrifter vert tekne vare på.

Utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Kvar sommar lagar museet ei utstilling over ulike emne. Utstillinga står frå slutten av mai ut september.

Skuleelevar og studentar er mellom dei kjæraste besøkande. Dei får, så langt råd er, skreddarsydde opplegg for museumsbesøka sine.

Søndagskafe og museumsbu[endre | endre wikiteksten]

Søndagar kan ein kvile beina og nyta litt kaffi/te eller saft til spesialiteten – stompekaker. I museumsbua kan ein kjøpa lokallitteratur og heimelaga suvenirar.

Osterøy museumslag[endre | endre wikiteksten]

Osterøy museumslag vart stifta i 1999 og er ei venneforeining som vil arbeida for å fremja museumsinteressa.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]