Ostuni

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ostuni

Ostuni er ein by og ein kommune i provinsen Brindisi i regionen Puglia i Italia. Kommunen har knapt 32 000 ibuarar og dekker eit areal på 223 km². Byen Ostuni ligg på tre åstoppar, 207 meter over havet og i kring åtte kilometer frå kysten mot Adriahavet.

Næringslivet er basert på turisme og dyrking av oliven og druer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]