Ottesens Skipsbyggeri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ottesens Skipsbyggeri er eit firma lokalisert på Jensaneset, Sagvåg, i Stord kommune. Det vart skipa i 1825 og i den mest aktive perioden, 1902 – 1961, vart det bygd i alt 214[1] nye båtar ved verftet og det skal ha omfatta heile 12 bygningar med totalt 200 meters kailengd. Det kan til tider ha vore så mykje som 80 tilsette i denne perioden.

Ottesens Skipsbyggeri har i dag oppgåva med vedlikehald og utvikling av eigedomen på Jensaneset som inneheld to spesialområde for bygningsvern og industri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ottesens Skipsbyggeri vart skipa i 1825 av Otte Ottesen. Det var på den tida allereie mykje aktivitet i samband med

Skip under bygging på Ottesens Skipsbyggeri. Ukjend årstal og fotograf
Foto: Hordaland fylkesarkiv

båtbygging i Sagvåg, og området husa fleire mindre båtbyggeri. Framover mot 1900 kjøpte Ottesen opp dei andre båtbyggeria som var lokalisert på sjølve Jensaneset. Båtane som vart bygde den første tida var i all hovudsak handelsskip som vart nytta i Austersjøen, og fiskebåtar til bruk i Nordsjøen og ved Island.[2] Barnebarna til Otte Ottesen, Gunvald og Nils Andreas Ottesen, overtok drifta i 1902[3] og etablerte eigne

Planteikningane til havforskingsfartøyet «Herman Friele
Foto: Hordaland fylkesarkiv

sagbruk, lysanlegg og fleire slippar. Framover mot 50-talet fortsette utbygginga av verftet, og det bestod på det meste av 5 slippar, 2 flytekranar for løft op till 8 tonn, sagbruk, snikkarverkstad og mekanisk verkstad for reparasjon av båtmotorar.

I 1955 overtok to av sønene til Gunvald Ottesen, Nils og Leif Ottesen, og ein av sønene til Nils Andreas Ottesen, Reinert Ottesen, drifta av verftet.[3]

I 1961 slutta produksjonen av nye båtar, og det vart i tida framover berre utført reparasjonsarbeid. Det vart, som nemnt ovanfor, bygd i alt 214 nye båtar ved verftet frå 1902 til 1961.

Blant båtane bygde ved Ottesens Skipsbyggeri var enkelte spesialbåtar. Dette inkludete bl.a. «Herman Friele», produsert i 1922[1] for Bergen Musæums Biologiske Stasjon på Herdla og vart brukt som havforskingsfartøy.[4] Skipet var på utlån til Trondhjem Biologiske Stasjon i perioden 1955 – 1962.[5] Ottesens Ottesens Skipsbyggeri bygde også redningsskøytar, inkludert «Olav Østensjø jr.» og «Haakon 7».[2] «Haakon 7» skilde seg ut ved og vere ein av tre båtar bygde som stålbåt, og ikkje trebåt.

Verftsområdet på Jensaneset var frå 1980-talet utleigd til Sagvåg Båtservice, seinare ein del av Rubb Sagvåg Båtservice A/S. Denne bedrifta flytta i 2009 til Bømlo.

Noverande status[endre | endre wikiteksten]

Det som er att av arbeidet til Ottesens Skipsbyggeri er forvaltning av eigedomen. Selskapet har ansvar for vedlikehald og utvikling av eigedomen i tråd med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø i Stord kommune, vedteke 26.11.2009. Eigedommen inneheldt to spesialområder for bygningsvern og industri.

Modernisering av eksisterande bygningar, samt nybygg, er tillate på området så lenge utforminga er tilpassa det verneverdige miljøet i storleik, form og funksjon.[6]

Arkiv[endre | endre wikiteksten]

Arkivmaterialet etter verksemda er overlevert Hordaland fylkesarkiv og inneheld skipsteikningar og foto som kan vere av stor verd for maritim historie.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 : Fartøyliste - Ottesens Skipsbyggeri, Sagvåg Kystlag. Besøkt 13.11.2012
  2. 2,0 2,1 Høyland, Ola: Stord Bygdebok bd. III. Stord i gamal og ny tid. Bergen 1973, s. 308 - 309
  3. 3,0 3,1 Høyland, Ola: Stord Bygdebok bd. II. Gards- og ættesoga. Bergen 1966 Ny utgåve 1985 ved Egil Nysæter, s. 739
  4. : Bergen Musæums Biologiske Station og dens etterkommere i Bergen, Universitetet i Bergen, Institutt for Biologi. Besøkt 13.11.2012
  5. : Trondhjem Biologiske Station - hundre år i Trondheimsfjordens tjeneste, Til Opplysning, Universitetsbiblioteket i Trondheim. Besøkt 13.11.2012
  6. : Plan for bygningsvern, del av kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø, Stord kommune. Besøkt 13.11.2012