Overtru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Overtru er ei til vanleg nedsetjande nemning på folketru, som er slike førestillingar eller handlingar som ikkje tek utgangspunkt i, og som kan strida mot, akseptert kunnskap, vitskap, fornuft eller godteke religiøse dogme eller skikkar. Desse førestillingane kan til dømes dreia seg om at ting og dyr har overnaturlege og åndelege eigenskapar eller at ei handling eller hending har mystiske resultat.

Omgrepet overtru har i historia ofte vorte brukt av tilhengjarane av etablerte religionar (t.d. kristne i Noreg) for å framstilla folketru som usann. Ateistar og andre som ikkje trur på overnaturlege ting kan kalla alle typar religiøse førestillingar for overtru.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]