Ovovivipari

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ovovivipar)
Akvariefisken Dermogenys sumatrana få dagar før fødsel av levande yngel.

Ovovivipar er ei nemning som tyder at dyr dannar egg, men at klekkinga av desse skjer inne kroppen slik at dei føder levande avkom. Klekkinga kan også finna stad like etter legging. Ovovivipare dyr skil seg frå dyr som er ovipare, som legg egg som deretter blir klekka, og frå vivipare dyr, som utviklar fosteret direkte i kroppen.

Mange ormar er ovovivipare, til dømes hoggorm, anakonda, kongeboa, smaragdboa og regnbogeboa. Ein finn også ein del fiskar som føder levande avkom, til dømes sandtigerhai og mange levandefødande tannkarper som dei vanlege akvariefiskane guppy, platy og sverddragar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]