Pålsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Omvendinga av Paulus på vegen til Damaskus. Illustrasjon av Jean Fouquet frå 1400-talet.

Pålsmesse er i norsk tradisjon 25. januar. Dagen markerer den seinare apostelen Paulus si omvending til kristendomen.

Omvendinga skal ha funne stad på vegen til Damaskus, der Paulus skulle forfølgja kristne. I staden blei han blinda av eit sterkt lys og tala til av ei himmelsk røyst. Då han kom til Damaskus fekk han synet tilbake og blei døypt som kristen.

Feiringa av 25. jannuar som dagen for denne hendinga byrja truleg i Frankrike på slutten av 500-talet, då nokre relikviar etter Paulus skal ha blitt overført dit (translatio på latin). Det finst også ein eldre omtale av ei slik overføring, frå katakombene til kyrkja St. Paulus utanfor murane i Roma. Rundt 600-talet byrja ein leggja vekt på omvendinga (conversio) meir enn overføringa. Først på 1000-talet byrja ein markera denne festdagen i Roma.[1]

Folketru[endre | endre wikiteksten]

Merke for pålsmesse på ein primstav, heilt til høgre.

Mellom anna i Telemark fylke og i Setesdal har merket på primstaven vore ein skyttarboge. Dagen har vorte kalla «Pål med bogjen» eller «Pål skyttar». Andre merke har vore eit sverd eller ein fisk.

I norsk folketru heitte det at arbeid som vart byrja denne dagen ville mislukkast. Viste sola seg denne dagen, vart det ein god sommar. Uvêr på pålsmesse spådde krig, pest og alle slags ulukker. Midtvinteren var no forbi.

Internasjonal tyding[endre | endre wikiteksten]

Internasjonalt har festen markert slutten på Bønneveka for kristen einskap.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Apostelen Paulus' omvendelse», Den katolske kirke (på norsk), henta 2019-01-14 
  2. «Bøneveka for kristen einskap», Mellomkirkelig råd (på bokmål), henta 2019-01-14