Paisleymønster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Persisk silkebrokade med paisleymotiv frå 1939.

Paisleymotiv er eit dropeforma bildemotiv som stammar frå Persia og India. Det er mykje brukt på tekstilar frå Sør- og Sentral-Asia, og er gjennom dette blitt eit vanleg motiv i vestleg klesmote.

Mønsteret har namn etter byen Paisley i Skottland. Her blei det laga populære sjal med slikt mønster etter inspirasjon av sjal frå Kashmir. Mønsteret er også blitt kalla for Persian pickles ('persisk syltelauk') av amerikanske tradisjonalistar, særlig teppeprodusentar,[1] eller Welsh pears ('walisiske pære'») i walisiske tekstilar frå slutten av 1800-talet.[2]

Paisleymønsteret er kjend frå asiatiske teppe og sjal. Det blei eit vanleg motiv i vestleg mote frå 1700- og 1800-talet. Det skjedde som følgje av import av designet frå India, særleg i form av kasmirsjal. Dette blei deretter imitert av europeiske tekstilprodusentar i stader som Marseille og Paisley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dallas, Sandra (1995): The Persian Pickle Club, St. Martin's Press, ISBN 0-312-13586-6.
  2. «Quilting and Patchwork», Good Housekeeping, 1983, ISBN 0-85223-276-4.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Paisleymønster
Spire Denne kunstartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.