Palomar-observatoriet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Palomar-observatoriet er eit astronomisk observatorium som ligg 80 km nordaust for San Diego i California i USA, 1500 meter over havet.

Hovudinstrumentet er Hale-teleskopet, som vart innvigd i 1948, og var fram til 1976 den største spegelkikkerten i verda med ein diameter på 508 cm. Spegelen aleine veg 15 tonn og dei rørlege delane til instrumentet 530 tonn. Diameteren på kuppelen er 47 meter. Ved Palomar-observatoriet finst òg eit av dei største Schmidt-teleskopa i verda med ein diameter på 122 cm. Med dette instrumentet vart det i 1949-1956 laga det til no mest omfattande fotografiske himmelkartet, National Geographic Society – Palomar Observatory Sky Survey, som går ned til storleiksklasse 21. I 1970 vart det bygd eit teleskop med diameter 153 cm. Det minste teleskopet (Sleuth) stod ferdig i 2004 og er eit robotteleskop for automatisk søk etter planetar ved 10 000 stjerner per natt. Progammet til observatoriet er først og fremst konsentrert om undersøking av galaksar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]