Paradismønster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Enkel paradisrekkje.
Rutenettparadis.

Paradismønster er eit oversyn over ulike mønster brukt til barneleiken paradis. Det finst eit utal variantar av leiken.

Mange eldre mønster kan vera rektangelforma med ein halvsirkel på toppen. I enkle variantar har ein berre ei rekkje ruter etter kvarandre, men ulike variantar kan ha to rekkjer ved sidan av kvarandre eller dela nokre av rutene på tvers eller diagonalt.

Ein utbreidd type minner om eit fly med venger. Denne heiter mellom anna «flygaren» i Noreg. Her ligg nokre ruter parallelt medan andre ligg enkeltvis på rekkje. Desse mønstera kan byrja og slutta med rektangel, eller dei kan ha halvsirklar eller heile sirklar i byrjinga eller slutten.

Nokre paradis har ruter til vekselvis høgre og venstre, slik at ein hopper meir i slalåm enn å hinka rett framover.

Ein type paradis kan vera danna som eit rutenett, til dømes sett saman av tre gonger tre ruter.

Ein heilt annan type er «sniglen», eit spiralforma paradis der ein hinkar eller hopper inn og ut igjen.

Galleri[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Paradismønster

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Beard, D.C. (1907). The Outdoor Handy Book: For the Playground, Field, and Forest. New York: Charles Scribner's Sons. s. 356–357. 
  • «hopscotch» i Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite. Chicago: Encyclopædia Britannica, 2011