Paraheksyl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skjelettstrukturen til paraheksyl

Paraheksyl er ein syntetisk homolog av tetrahydrocannabinol (THC), framstilt i 1949 under eit forsøk på å gjera greie for strukturen til Δ9-THC, eit av verkestoffa i rusmiddelet cannabis. Stoffet har kjemisk formel C22H32O2.

Paraheksyl liknar THC både når det kjem til struktur og verkemåte, men skil seg frå stoffet ved plasseringa av dobbelbindinga og lengda på 3-pentylkjeda, som har ei CH2-gruppe festa til n-heksylet. Paraheksyl har agonistisk effekt på dyr, noko som er typisk for cannabis. Stoffet har eit noko høgare oralt biotilgjenge enn THC, men er elles nokså likt. Stoffet verkar truleg som ein CB1-agonist, liksom THC, men dette er ikkje enno stadfesta med forsking.

Paraheksyl blei gjort ulovleg gjennom ein FN-konvensjon i 1971 på grunnlag av strukturelle og funksjonelle likskapar med THC. Trass dette har ein aldri vitna stoffet i rekreasjonsbruk eller ulovleg handel. Paraheksyl er ført opp under Stoff i Liste I i Konvensjonen om psykotrope stoff av 1971, utarbeidd av SN, som eit stoff utan medisinske bruksområde.[1] Noreg tiltredde konvensjonen ved kongeleg resolusjon av 6. juni 1975, og konvensjonen trådde i kraft 16. august året etter.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Convention on psychotropic substances, 1971» (PDF). unodc.org. United Nations Office on Drugs and Crime. 21. februar 1971. Henta 24. januar 2017. 
  2. «Konvensjon om psykotrope stoffer». lovdata.no. Lovdata. Henta 24. januar 2017.