Paul-Eerik Rummo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul-Eerik Rummo
RE Paul-Eerik Rummo.jpg
Fødd 19. januar 1942
Tallinn
Yrke lyrikar, omsetjar, skodespelforfattar, politikar, skribent
Far Paul Rummo
Ektefelle Viiu Härm
Paul-Eerik Rummo på Commons

Paul-Eerik Rummo (fødd 19. januar 1942) er ein estisk politikar, omsetjar og forfattar.

Rummo er parlamentsmedlem for Eesti Reformierakond (Det estiske reformpartiet) i fjerde periode. Han var estisk kultur- og utdanningsminister frå 1992 til 1994 og folkesetnadsminister frå 2003 til 2007.

Han er son av forfatteran Paul Rummo. Paul-Eerik studerte litteraturvitskap ved Universitetet i Tartu, med eksamen i 1965, og arbeidde deretter ved ulike teater i Tartu og Tallinn. På morsida er han av romanislekt. Paul-Eerik Rummo er gift med Viiu Härm, som er forfattar og skodespelar. Paret har 4 ungar.

Som forfattar debuterte han i 1962 med Ankruhiivaja (ankerløfte), og han har skrive nærare 20 bøker. Som omsetjar arbeider han med engelske og russiske forfattarar, og har mellom anna omsett Pusjkin, Dylan Thomas og T.S. Eliot til estisk. Han fekk i 1966 Juhan Liiv-prisen og i 2005 Litteraturprisen til det estiske kulturfondet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]