Hopp til innhald

Paul Hamm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Paul Hamm


Statsborgarskap USA
Fødd 24. september 1982 (42 år)
Washburn
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Paul Elbert Hamm (fødd 24. september 1982) er ein USA-amerikansk tidlegare turnar frå Washburn i Wisconsin. Han vart verdsmeister i 2003 og olympisk meister i 2004.

Hamm deltok i Sommar-OL 2000 og vart nummer 14 i mangekampen. I 2001 var han med i det USA-amerikanske mannskapet som vann sølvmedaljen i lagkampen i turn-VM, individuelt enda han på sjuandeplass i mangekamp. To år seinare gjekk han til topps i mangekampen då verdsmeisterskapen i turn fann stad i Anaheim, der han også vann gull i frittståande. Under OL 2004 i Aten sigra Hamm på ny i mangekampen, han fekk også sølv i svingstang og i lagkamp. Frå 2001 til -04 sanka han tre OL-medaljar og fem VM-medaljar.