Peñalara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Peñalara
fjell
Circo y cima de Peñalara1.JPG
Peñalara (til høgre) og refleksjonen i eit vatn
Land Flag of Spain.svg Spania
Område Madrid/Segovia
Fjellkjede Sierra de Guadarrama
Høgd 2 428 moh.
Primærfaktor 1 200 m
Koordinatar 40°51′N 03°57′W
Wikimedia Commons: Peñalara
Sørsida av Peñalara.

Peñalara er det høgaste fjellet i Sierra de Guadarrama, ein del av den større fjellkjeda Sistema Central i Spania. Fjellet ligg på grensa mellom provinsane Madrid og Segovia og har ei høgd på 2428 moh.

Den austlege delen av fjelelt ligg i kommunen Rascafría i provinsen Madrid, og høyrer til Lozoyadalen og vestsida høyrer til Valsaíndalen i provinsen Segovia. Toppen høyrer til naturreservatet Parque Natural de Peñalara, med fleire små vatn og nokre bratte skrentar.

Det veks ein del eik frå 1000 til 1300 meter over havet, og frå 1100 til 2000 m veks ein del furuskog. Frå 2000 meter og opp til toppen er vegetasjonen meir spreidd, med låge buskar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]