Peder Fauchald

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Peder Fauchald

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. september 1791
Østre Toten kommune
Død

22. november 1856 (65 år)
Østre Toten kommune

Yrke politikar
Språk norsk
Peder Fauchald på Commons

Peder Jensson Fauchald (21. september 179122. november 1856) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann. Han var representant for Kristians amt (Oppland) frå 1830 til 1851.

Fauchald var fødd på garden Faukald i Østre Toten, og var gardbrukar der frå 1814 til 1825. Han flytta då til garden Sogstad i same heradet og budde der resten av livet, med unnatak for to år (1840-41), då han budde på garden Nøkleby i Vestre Toten.

Han var valmann frå 1817 og forlikskommissær. Fauchald vart 1838 vald til fyrste ordførar i Østre Toten. Seinare skjøtta han verv som amtsrevisor.

Fauchald vart vald inn på stortinget åtte gongar, ved fem av vala var han fyrste representant for amtet. På seks av tingsamlingane sat han i den viktige valkomiteen. Han var elles med i fleire andre komitear, mellom anna ei rekke gongar i justiskomiteen.

Fauchald var 1845 medlem av riksretten som dømde i saka mot statsråd Jørgen Herman Vogt, sjefen for Finansdepartementet. Vogt vart frikjend.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]