Pekhorka
Pekhorka | |||
elv | |||
Pekhorka sett frå jernbanebrua mellom Tomilino og Kraskovo
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 513 km² | ||
Lengd | 42 km | ||
Munning | Moskvaelva | ||
![]() Pekhorka | |||
Wikimedia Commons: Pekhorka River | |||
Pekhorka (russisk Пехо́рка ) er ei elv i Moskva oblast i Russland og ei av sideelvane til Moskvaelva frå venstre. Elva er 42 km lang og har eit nedslagsfelt på 513 km².
Langs elva ligg byane Balasjikha og Zjeleznodorozjnyj, og dei urbanliknande busetnadane Tomilino og Kraskovo. På 1800-talet vart elva mykje nytta som kraftkjelde for bomullsfabrikkane i Balasjikha, og mange av reservoara og vassvegane eksisterer framleis.
I 1971 var elva inkludert i generalutviklingsplanen til Moskva, som mellom anna omfatta bygging av ein båtkanal aust for Moskva for å minske belastninga på den sterkt trafikkerte Moskvaelva. Pekhorka ville ha vorte ein del av Ljubertsy-reservoaret, men kanalen vart aldri bygd.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Pekhorka» frå Wikipedia på bokmål, den 30. oktober 2008.