Penélope Cruz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Penélope Cruz
Premios Goya 2018 - Penélope Cruz.jpg
Fødd28. april 1974 (48 år)
FødestadAlcobendas
FødenamnPenélope Cruz Sánchez
Aktive år1989–
Verka somskodespelar, programleiar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, arrangementvert, stemmeskodespelar, fotograf, filmregissør
MorEncarna Sánchez
FarEduardo Cruz
EktefelleJavier Bardem
PrisarOscar for beste kvinnelige birolle, ridder av Ordre des Arts et des Lettres, Goya-prisen for beste kvinnelige hovedrolle, Goya-prisen for beste kvinnelige hovedrolle, Goya-prisen for beste kvinnelige birolle, Beste kvinnelige skuespiller ved filmfestivalen i Cannes, BAFTA Award for Best Actress in a Supporting Role, Medalla de Oro al mérito en las Bellas Artes, Donostia-prisen, European Film Award – Jameson People's Choice Award – Best Actress, European Film Award for Best Actress, Gaudí a la millor actriu secundària, Æres-César, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Volpi-pokalen for beste kvinnelige filmrolle, Ordre des Arts et des Lettres, BAFTA, Goya, César-prisen

Penélope Cruz Sánchez (fødd 28. april 1974) er ein spansk skodespelar. Cruz er den første spanske skodespelaren som har vorte nominert til Oscar for «beste kvinnelege hovudrolle» i Pedro Almodóvar-filmen Volver under den 79. Oscar-utdelinga. I 2009 vart ho igjen nominert til Oscar for birolla si i Vicky Cristina Barcelona, og denne gongen vann ho prisen.

I 2006 spelte Cruz ei av hovudrollene i den norskregisserte filmen Bandidas.

I 2008 spelte ho i musikalen Nine saman med Oscar-vinnarane Daniel Day-Lewis, Marion Cotillard, Nicole Kidman, Judi Dench og Sophia Loren med Oscar-nominerte Kate Hudson og Grammy Award-vinnaren «Fergie» i biroller. Filmen hadde premiere i november 2009.[1]

Cruz vart saman med Javier Bardem i 2007. Paret gifta seg på Bahamas hos ein ven i juli 2010 og fekk det første barnet sitt den 22. januar 2011.

Filmografi (utval)[endre | endre wikiteksten]

År Norsk tittel Original tittel Rolle
2011 Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides Pirates of the Caribbean: On Stranger Tides Angelica
2009 Nine Nine Carla Albanase
2008 Vicky Cristina Barcelona Vicky Cristina Barcelona María Elena
2006 Å vende tilbake Volver Raimunda (Oscar-nonminert)
2006 Bandidas Bandidas Maria Alvarez
2005 Sahara Sahara Eva Rojas
2004 Noel Nina Vasquez
2003 Gothika Gjenferd
2001 Vanilla Sky Vanilla Sky Sofia Serrano
2001 Blow Blow Mirtha Jung
2000 All the Pretty Horses Luisa
2000 Woman on Top Isabella Oliveira
1999 Alt om min mor Todo sobre mi madre
1992 Skinke, skinke Jamón, jamón Silvia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (no) Side2: Hetere enn dette blir det ikke, 9. juni 2009.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Penélope Cruz
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.