Perfluorkarbon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Perfluorkarbon (PFK), eller berre fluorkarbon, er organiske sambindingar med formelen CxFx som inneheld utelukkande karbon og fluor.

Utsleppet av PFK er i Noreg totalt dominert av utslepp frå aluminiumsproduksjon. I 2000 tilsvarte utsleppa 0,9 millionar tonn CO2-ekvivalentar. 96 prosent av utsleppet er perfluormetan (CF4 ) og 4 prosent perfluoretan (C2F6). Utsleppa av perfluorkarbon er blitt kraftig redusert dei siste 10 åra som følgje av endringar i produksjonsprosessen (blant anna pga. redusert blussfrekvens).[1]

Vedtak om avgift for utslepp av hydrofluorkarbon og perfluorkarbon gjeld følgjande perfluorkarbon:[2]

  • Perfluormetan (CF4)
  • Perfluoretan (C2F6)
  • Perfluorpropan (C3F8)
  • Perfluorbutan (C4F10)
  • Perfluorcyklobutan (c-C4F8)
  • Perfluorpentan (C5F12)
  • Perfluorheksan (C6F14)

Referansar:[endre | endre wikiteksten]