Perlitt
Utsjånad

Perlitt er ein vulkansk glasbergart av ryolittisk samansetnad. Han syner konsentrisk oppsprekking på grunn av samantrekking av glasmassen ved avkjølig. Fenomenet kan vere så markert at bergarten synest å bestå av små kuler med konsentriske lag som lausnar som skal på ein lauk. Ved kunstig oppvarming blir bergarten til eit laust, lett pulver som kan brukast til isolasjonsmateriale.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Perlitt: geologi. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/perlitt%2Fgeologi.