Personvern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Personvern handlar om å ivareta personlege opplysningar og personleg integritet. Det er ulike meiningar om korleis ein skal bruke ordet personvern. Ein skiljer gjerne mellom personvern og personopplysningsvern.

Personvern kan enkelt forklarast som retten til eit privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar. Som enkeltindivid har du rett på eit privatliv under din kontroll. Prinsippet om personvern er forankra i Den europeiske menneskerettigheitskonvensjonen: «Enhver har rett til respekt for sitt privatliv og familieliv, sitt hjem og sin korrespondanse». Eit eksempel på dette er retten til eige bilete. Media kan ikkje publisere bilete av personar eller noko som kan avsløre identitet utan å be om lov. Her finnes det selvfølgelig unntak, men grensene er uklare. Som regel gjeld unntaket når biletet er av allmenn interesse, men også her finnes det usemje om kva som er godteken og ikkje.

Lover og lovgivning i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Personvern er ein menneskerettigheit med den funksjonen å sikre og verne enkeltmenneskets personlege integritet og privatliv. Lova om personvern i Norge er personopplysningslova frå 2001. Personopplysningslova skal beskytte mot krenkelsar av personvernet ved behandling av pesonopplysningar, både manuelt og elektronisk. Personopplysningslova gjeld også for publisering av personopplysningar på nett.

Ivaretaking av personvern er ikkje berre viktig for enkeltindivida, men også for demokratiet og samfunnet. Personvern er sentralt for å kunne sikre felles goder i eit demokratisk samfunn. Utan personvern som menneskerettigheit ville det vere umogeleg å reflektere og skape seg vuderingar sjølvstendig, utan å bli kontrollert eller forstyrra av andre. Borgrane i eit samfunn ville mest sannsynleg begrensa sin deltaking i politiske aktivitetar på grunn av frykta for at personopplysningar kan bli misbrukt og synleggjort for ålmenta.

Andre lovar som omhandlar personvern og personopplysningsvern er straffelova, åndsverklova, andre lovreglar (§120) og ulovfesta vern. Det ulovfesta personvernet gjeld i norsk rett og blir eit tillegg til det vernet dei offisielle lovreglane gir. Det er usikkert kvar grensene for det ulovfesta personvernet går.

Personopplysningsvern[endre | endre wikiteksten]

Personopplysningsvern er ein samanfatning for reglar og prosedyrar for behandling og ivaretaking av personopplysningar. Personvern handlar om mogelegheita til å sjølv kunne kontrollere når, korleis og kor mykje informasjon om ein sjølv som skal spreiast til andre partar eller bli offentleggjort.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]