Peter Wessel Zapffe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peter Wessel Zapffe (18. desember 189912. oktober 1990) var ein norsk statsstipendiat frå og med 1978, forfattar, filosof, fjellklatrar og friluftsmann.

Zapffe var fødd i Tromsø. I 1923 tok han sin juridiske embetseksamen, og han praktiserte som jurist i fem år.

Han døydde i Asker.

Filosofen[endre | endre wikiteksten]

Zapffe var sterkt påverka av Arthur Schopenhauer sin filosofiske pessimisme. I lys av denne skapte Zapffe eit eige perspektiv som han såg verda frå, den såkalla biosofien. Gjennom essayet Den sidste Messias (1933) kjem biosofien til uttrykk, og den filosofiske avhandlinga (Om det tragiske) som kom ut i 1941 gjer i sin heilskap greie for tankane i Den sidste Messias.

Zapffe sin teori er at mennesket har overutvikla evner (forståing og sjølvinnsikt) i høve til dei omstenda det lever under og difor ikkje passar inn i naturen. Mennesket sitt strev etter rettferd kring tema som liv og død kan ikkje oppnåast, og difor har menneska behov som naturen ikkje kan oppfylla. Tragedien, som er ein konsekvens av denne teorien, er at mennesket heile tida prøver å ikkje vera menneske. Slik sett er mennesket eit paradoks.

Peter Wessel Zapffe vart tildelt Fritt Ords honnør i 1987 for sin mangesidige og originale forfattarskap.

Større verk[endre | endre wikiteksten]

  • Om det tragiske, avhandlinga for graden dr. philos. (Oslo 1941)
  • Vett og uvett, utgjeve i samarbeid med Einar K. Aas (Trondheim 1942)
  • Den fortapte sønn, en dramatisk gjænfortelling (Oslo 1951)
  • Den logiske sandkasse (Oslo 1965)
  • Rikets hemmelighet (Oslo 1985)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]