Petroleum Administration for Defense Districts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei fem PADD-områda til statane, med underområda til PADD 1 (grøne) ██ Underområde 1A (New England) ██ Underområde 1B (Midtre atlanthavskysten) ██ Underområde 1C (Nedre atlanthavskysten) ██ PADD 2 (Midtvesten) ██ PADD 3 (Gulfkysten) ██ PADD 4 (Rocky Mountain) ██ PADD 5 (Vestkysten)

Petroleum Administration for Defense Districts (avstytt PADD) er ei geografisk oppdeling av dei 50 amerikanske statane og amerikanske territorium i sju område med tanke på petroleumsforsyningar. Dei femti statane er delte inn i fem område (PADD 1 til PADD 5), der PADD 1 vert delt inn i tre underområde (PADD 1A til PADD 1C) grunna det store innbyggjartalet. For dei amerikanske territoria finst områda PADD 6 og 7.[1]

Områda vart oppretta under andre verdskrigen i 1942 og nytta til rasjonering av bensin. I dag vert områda nytta til statistikk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «PADD regions enable regional analysis of petroleum product supply and movements». Energy Information Administration. 7. februar 2012. Henta 20. juli 2023.