Petter Myhre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Petter Myhre
Petter Myhre 2006 06 06.jpg
Fødd 21. februar 1972
Yrke fotballspelar, fotballtrenar
Petter Myhre på Commons

Petter Myhre (fødd 21. februar 1972) er ein norsk fotballspelar og -trenar. Han var hovudtrenar for Vålerenga frå 2006 til 2007.

Som spelar spela han midtbane og spiss, høgste nivå var 1. divisjon. Som trenar trena han Skjetten, før han kom til Vålerenga. Han hadde forskjellige trenarfunksjonar i klubben frå 2001-sesongen før han blei assistenttrenar i 2006-sesongen. Då Kjetil Rekdal trekte seg frå stillinga som hovudtrenar 21. august 2006 blei Myhre hovudtrenar. Laget hadde framgang unders leiinga til Myhre hausten 2006. Første del av 2007-sesongen var dårleg, og etter at Vålerenga gjekk ut av Noregsmeisterskapen etter å ha tapt 3-1 for andredivisjonsklubben Nybergsund gjekk Myhre av 27. juli 2007.

Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]

  • Strømmen
  • Ullern
  • Skjetten

Kjelder[endre | endre wikiteksten]