Pham Nuwen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pham Nuwen er ein science fiction-helt skapt av den amerikanske forfattaren Vernor Vinge. Pham Nuwen er fødd i eit relativt primitivt føydalsamfunn, men han blir som ung mann bortført av romfararar frå eit anna solsystem, får opplæring hjå dei og veks opp til sjølv å leve eit langt liv som romfarar.

Gjennom å vere den einaste personen som er med i båe dei to romanane A Deepness In the Sky og A Fire Upon the Deep, viser Pham Nuwen at handlingane utspeler seg i same univers. Han fungerer dermed som eit bindeledd mellom dei to historiene.