Philippe Pétain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Philippe Pétain
Hw petain 01.png
Fødd24. april 1856
Cauchy-à-la-Tour
Død23. juli 1951 (95 år)
Statsborgar avFrankrike, Vichy-regimet
Yrkepolitikar, diplomat, offiser, militær
Utdanna vedÉcole spéciale militaire de Saint-Cyr
MorClotilde Legrand
FarOmer-Venant Pétain
EktefelleAnnie Pétain
MedlemAcadémie des sciences morales et politiques
Académie française

Henri Philippe Benoni Omer Pétain (24. april 185623. juli 1951) var ein fransk militær, politikar og statssjef i Vichy-regimet i perioden 1940-1944. Som general leidde han dei franske styrkane i Slaget ved Verdun frå februar 1916. Pétain vann ry for måten han leidde forsvaret av Verdun, og innsatsen gav han status som krigshelt i mellomkrigstida.[1] Frå mai 1917 var han øvstkommanderande for dei franske styrkane på vestfronten, og i 1918 vart han utnemnd til marskalk av Frankrike. I mellomkrigsåra var han generalinspektør for den franske armeén frå 1919 til 1931, krigsminister i 1934 og ambassadør i Madrid i 1939.

16. juni 1940 skipa Pétain ei ny fransk regjering, og innleidde tingingar med tyskarane som førde til våpenkvildavtala i Compiègne 22. juni. 11. juli same året vart han utnemnd til sjef for Vichy-regjeringa. Denne regjeringa samarbeidde i praksis med Nazi-Tyskland, og nøgde seg med ein protest då tyskarane i strid med våpenkvildavtala hærtok Sør-Frankrike i november 1942. Etter den allierte invasjonen av Frankrike i 1944 (Operasjon Overlord), flydde Pétain til Tyskland. Då det tyske nederlaget var eit faktum vende han friviljug attende til Frankrike, der han i 1945 vart dømd til døden for landssvik.

Grunna Pétains høge alder vart domen omstøytt og gjord om til livstid i fengsel. Som ein del av straffa vart Pétain deportert til Île d'Yeu, der han døydde i 1951.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Galdal, P. (1959). Pétain, Philippe. I Norsk allkunnebok. IX. bandet (s. 347-48). Oslo: Fonna Forlag.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sørensen, N. A. (2010). Den store krigen: Europeernes første verdenskrig. Oslo: Dreyers Forlag. s. 263. ISBN 978-82-8265001-4. 
  2. Greve, T.: Philippe Pétain i Store norske leksikon på snl.no. Henta 18. desember 2021 frå https://snl.no/Philippe_Pétain