Pic Sans Nom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pic Sans Nom
fjell
none  Sørsida av Pic Sans Nom, sett frå Sélé-breen
Sørsida av Pic Sans Nom, sett frå Sélé-breen
Land {{landdata Frankrike Frankrike landflagg2 namn = Frankrike Frankrike variant = storleik =

}}

Fjellkjede Dauphiné-Alpane
Høgd 3 913 m moh
Koordinatar 44°53′36″N 6°23′00″EKoordinatar: 44°53′36″N 6°23′00″E

Pic Sans Nom (3913 m) er eit fjell i Massif des Écrins i dei franske Alpane. Det ligg om lag midt i det bratte fjellmassivet som strekker seg frå sørvest for Mont Pelvoux til Ailefroide. Fjellets lange ryggar med bratte avgrunnar mot nord botnar i Glacier Noir. Skråningane mot sør, med dei einaste og rimeleg greie topprutene, går ned mot dei to brearmane Glacier du Coup de Sabre og Glacier de Sialouze. Pic du Coup de Sabre (3699 m) sørvest for fjellet vert rekna som ein del av Pic Sans Nom.