Pierre Daru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pierre Daru
Pierre Daru.jpg
Fødd12. januar 1767
Montpellier
Død5. september 1829
Meulan-en-Yvelines
Statsborgar avFrankrike
Yrkespråkforskar, politikar, lyrikar, diplomat, historikar, omsetjar, skribent, offiser
FarNoël Daru
EktefelleAlexandrine Daru
BarnNapoléon Daru
MedlemAcadémie française
Det franske vitskapsakademiet
Det prøyssiske vitskapsakademiet

Pierre Antoine Noël Bruno Daru (12. januar 17675. september 1829) var ein fransk greve, embetsmann og forfattar. Han var far til soldaten og politikaren Napoléon Daru. Han var også syskenbarn av Stendhal, og opptrer ofte i dei sjølvbiografiske verka til forfattaren.

Daru var fødd i Montpellier, og var utdanna ved ein militærskule i Tournon i Savoie. Han gjekk inn i artilleriet i ung alder. Han interesserte seg også i litteratur, og gav ut fleire mindre stykke fram til utbrotet av Den franske revolusjonen gjorde at han måtte konsentrera seg om militære oppdrag.

I 1793 blei han kommissær i hæren, og verna kysten av Bretagne mot britiske eller franske rojalist-åtak. Under Skrekkveldet blei han fengsla på grunn av skuldingar om å vera vennleg innstilt mot desse fiendane, men blei sloppen fri etter at Maximilien Robespierre fall i 1794 (under Thermidor-reaksjonen). Han steig i gradene til han blei sjefskommisær for den franske revolusjonære hæren i 1799. Han tente under André Masséna nord i Sveits. I denne stillinga fekk han ry for å vera dugande til å organisera og å vera redeleg, i ei tid då frykta for korrupsjon var stor. I tillegg fann han tid til å omsetja delar av Horts og til å skriva to dikt - «Poème des Alpes» og «Chant de guerre» - sistnemnde ei fordømming av drapa på franske utsendingar ved Den andre Rastatt-kongressen.

Daru var ein av dei mest trudde medhjelparane til Napoleon Bonaparte. Etter at Napoleon kom til makta i Frankrike i november 1799 (18 Brumaire-kuppet) utnemnde han Daru til sjefskommissær for hæren som skulle sendast til Nord-Italia. Han var med på å underskriva våpenkvila med Det tysk-romerske riket som enda felttoget i Nord-Italia i juni 1800.

Etter dette blei Daru del av Konsulatet, eller regjeringa, der han støtta demokratiske prinsipp. I 1802 gifta han seg med Alexandrine Thérèse Nardot i Paris. Paret fekk åtte barn saman, der den eldste sonen som levde opp, Napoléon Daru, kom til å etterfølgja faren som soldat og statsmann.

Då krigen mot Storbritannia braut ut att i mai 1803 blei han igjen sjefskommissær for hæren ved nordkysten av landet. Seinare fekk han ei liknande rolle i La Grande Armée, som hausten 1805 nedkjempa styrkane til Austerrike og Russland. Etter slaget ved Austerlitz var han med på å utforma fredstraktaten i Pressburg.

I 1806–1807 var Daru igjen i hæren og nedkjempa Russland og Prøyssen, og var med på å utforma avtalen ved Freden i Tilsit. Deretter hadde han oppsyn med administrative og økonomiske tilhøve for den franske hæren som okkuperte viktige festningsverk i Prøyssen.

I 1809 bei han utnemnd til greve. I 1811 blei han statssekretær etter Hugues-Bernard Maret. Seint i 1813 blei han forsvarsminister.

I 1819 blei Daru utnemnd til medlem av det franske overhuset (Chambre des pairs), der han sat fram til han døydde. Han døydde i 1829 i Château de Becheville i Yvelines, som han hadde kjøpt i 1811.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]