Piggålar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Piggålar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Overorden: Elopomorpha
Orden: Piggålar Notacanthiformes

Piggålar (Notacanthiformes) er ein orden ekte beinfisk som er nærskylde ålefiskane. Dei har i likskap med desse eit leptokefal-larvestadium, men skil seg frå dei mellom anna har større gjelleopningar og har fått behalda både bukfinnar og skjel. Ryggfinnen er dessutan redusert til ein rad piggar utan membranar mellom.

Piggålane vert delt inn i to familiar, piggålfamilien (Notacanthidae) og halosaurfamilien (Halosauridae). Dei finst på djupt hav i alle verdshav, og lever som regel i tett tilknytnad til botnen. I norske farvatn er nordleg piggål ein sjeldan gjest.