Pioneer 1

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pioneer 1
Pioneer 1 på raketten, klar til oppskyting

Pioneer 1 (dessutan kjend som Able 2) var ein amerikansk romsonde som var meint å skulla nå månen. Han vart skoten opp 11. oktober 1958 med ein Thor-Able-rakett frå Cape Canaveral. Han var den fyrste sonden som vart skoten opp av NASA, som då nyleg hadde vorte oppretta.

Under oppskytinga var det i det øvre rakettsteget ein feiljustert ventil som førte til range akselerometerdata. Dette førte vidare til feilavfyring som sende sonden inn i ein ballistisk bane. Etter 43 timar, den 13. oktober 1958, gjekk Pioneer 1 difor inn i jordatmosfæren over det sørlege Stillehavet i staden for å nå månen.

Soleis kunne ikkje Pioneer 1 nå målet om å gje detaljerte bilete av månen. Derimot returnerte sonden brukande data om strålinga kring jorda.

Pioneer 1 vog 34,2 kilogram, der 17,8 kg av dette kom frå dei vitskaplege instrumenta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]