Pirion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pirion er ei norsk kulturavis og tidsskrift for alle som jobbar med kulturformidling og språkarbeid i barnehagar og småskule. Pirion vart starta hausten 2000 av Noregs Mållag med Ingebjørg Mjør som redaktør. I 2001 blei Landssamanslutninga av nynorskkommunar med på å starta Stiftinga Pirion saman med Noregs Mållag. Det er denne stiftinga som no er utgjevar av Pirion.

Pirion kom først ut i papirutgåve til abonnentar. Seinare kom avisa som vedlegg Fagbladet, i seksjonen for kirke, oppvekst og kultur, og var då den største nynorske publikasjonen med eit opplag på opp mot 63 000. I 2017 kom den siste papirutgåva ut, og Pirion satsa ekstra på nettutgåva Pirion.no. I dag er Svein Olav B. Langåker redaktør.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]