Plantearten smørbukk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plantearten smørbukk
Plantearten smørbukk
Plantearten smørbukk
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Saxifragales
Familie: Bergknappfamilien Crassulaceae
Underfamilie: Sempervivoideae
Stamme: Telephieae
Slekt: Hylotelephium
Art: Plantearten smørbukk H. telephium
Vitskapleg namn
Hylotelephium telephium

Smørbukk (Hylotelephium maximum) er ei plante i bergknappfamilien. Ho er utbreidd i Europa og Asia. Planta er kring 30 cm høg og har motsette blad som er nokså breie ved grunnen. Blomstrane kan vera gulgrøne eller raude og sit i halvskjerm.

Underarten fabaria.

Smørbukk blømer kring juli månad på berg og steinete stader, og langs strandkantar. Planta finst i Noreg så langt nord som til Møre.

Fleire kultivarar av planta blir dyrka som hageplanter. Det finst også dyrka kryssingar mellom smørbukk og den nærskylde Hylotelephium spectabile.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

  • Svensk Wikipedia.