Plasma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Plasma er ein tilstand av materie der det ikkje finst atom, men der elektron og atomkjerner flyt fritt.

Plasma oppstår når atom i tilstrekkeleg konsentrasjon får tilført så mykje energi at elektromagnetismen ikkje lenger er sterk nok til å halde elektrona rundt kjernen.

Sola består hovudsakleg av plasma, og sidan sola inneheld både kjernar og elektron, dannar dei elektrisk polariserte (ioniserte) lag. Den tilførte energien kjem frå kjernefysiske reaksjoner i kjernen, der hydrogen vert omdanna til helium og vidare tyngre stoff under høgt trykk. Over 99 % av stoffa i universet er i plasmaform.