Pneumatolyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Pneumatolyse er omvandling av ei bergart, eller krystallisasjon av mineral, ved gasshaldige utstrøymingar frå eit magma. Gassane kan avsetje ulike mineral omkring vulkanske krater, såkalla ekshalasjonsbeslag. Der gassane treng inn i sidebergartane, vil desse til dels omdannast og nye mineral blir avsett. Dette er ein vanleg prosess ved kontaktmetamorfose og utgjer ei form for metasomatose. Nyttige mineral som kassiteritt, wolframitt og molybdenitt blir ofte danna ved pneumatolytiske prosessar. Pneumatolyse utgjer eit tidlegare stadium i den magmatiske utviklinga enn den hydrotermale fasen og føregår ved høgare temperatur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]