Poker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pokerspel.
Foto: Liface

Poker er eit namn på fleire typar kortspel der spelarane utfører veddemål i ein sentral pott om kven som har den beste kortkombinasjonen.

Gangen i spelet[endre | endre wikiteksten]

Det er om å gjera å samla seg fem kort som i følgje spelereglane har ein høgare verdi enn den til dei andre spelarane, eller å få dei andre spelarane til å gi seg og kasta korta. Det finst mange utgåver av spelet. Skilnaden kan til dømes gå på om alle korta som er med i spelet er skjulte, eller berre nokre av dei.

Poker vert spela over fleire rundar. I kvar runde får spelarane utdelt kort, og må satse. Dei som har kasta seg er ute av spelet for resten av runden. Dei som framleis er med, får utdelt nye kort, får byte kort, eller det vert lagt felleskort på bordet - alt etter kva pokervariant ein spelar. Dette gjentek seg med nye kort og nye veddemål heilt til siste runde. Etter veddemålet i siste runde skal korta visast (showdown) og spelaren med dei beste korta vinn potten.

Pokerhender[endre | endre wikiteksten]

Den beste kombinasjonen av fem kort som ein spelar sit med vert kalla ei hand. Det kan vera spelarens eigne fem kort (som i 5-kort draw), dei beste fem av spelarens sju kort (som i 7-kort stud), eller dei fem beste av eigne kort pluss felleskort (som i Texas hold'em). Hendene er rangert høgare di mindre sansynet er for at dei oppstår.

Royal Flush
Hand Moglege

kombinasjonar

Sansyn Kommulert sansyn
Prosent Odds Prosent Odds
Straight Flush – alle på rad i same sort, eks. 9♠ 8♠ 7♠ 6♠ 5♠ 36+4 0,00154 % 64.973 : 1 0,00154 % 64.973 : 1
Fire like – fire kort av same rang, eks. 5♠ 5♥ 5♦ 5♣ 9♠ 624 0,0240 % 4.164 : 1 0,0255 % 3.913 : 1
Hus – tre like pluss to like, eks. 6♠ 6♦ 6♥ K♠ K♣ 3.744 0,144 % 693,2 : 1 0,170 % 588,6 : 1
Flush – alle i same sort, eks. A♠ 10♠ 8♠ 6♠ 4♠ 5.108 0,197 % 507,8 : 1 0,366 % 272,1 : 1
Straight – alle korta på rad, eks. 7♠ 6♥ 5♦ 4♣ 3♠ 10.200 0,392 % 253,8 : 1 0,76 % 130,8 : 1
Tre like – tre kort av same rang, eks. 3♠ 3♥ 3♦ 9♣ 5 54.912 2,11 % 46,3 : 1 2,87 % 33,8 : 1
To par – to ulike par, eks. K♠ K♦ 4♥ 4♠ 6♣ 123.552 4,75 % 20,0 : 1 7,63 % 12,1 : 1
Eitt par – to kort av same rang, eks. 10♠ 10♦ Q♥ 9♠ 7♣ 1.098.240 42,3 % 1,37 : 1 49,9 % 1,005 : 1
Høgaste kort, eks. Q♠ 10♦ 8♥ 5♠ 2♣ 1.302.540 50,1 % 0,995 : 1 100 % 0 : 1

Royal Flush er eit spesialtilfelle av Straight Flush, til dømes A♠ K♠ D♠ J♠ 10♠, og er den beste handa. Ein Straight Flush slår altid fire like som igjen altid slår eit hus, og så vidare.

Dersom to eller fleire spelarar har hender av same rangering, vinn den med det høgaste toppkortet. Til dømes slår ein straight med 10 på topp (10♠ 9♥ 8♦ 7♣ 6♠) ein straight med 7 på topp (7♣ 6♠ 5♦ 4♣ 3♠), og eit hus med 9 på topp (f.eks. 9♠ 9♦ 9♥ 4♠ 4♣) slår eit hus med 7 på topp (f.eks. 7♠ 7♣ 7♥ 5♠ 5♣).

Dersom det framleis er uavgjort, eller ingen av spelarane har minst eitt par, samanliknar ein det høgaste av dei øvrige korta. Eit par i 9-arar pluss ein knekt (f.eks. 9♠ 9♦ J♥ 7♠ 3♣) slår eit par i 9-arar pluss ein 10-ar (f.eks. 9♠ 9♦ 10♥ 8♠ 7♣), og ei hand med K♠ 10♦ 9♥ 7♠ 6♣ slår ei hand med K♠ 10♦ 8♥ 7♠ 6♣, sidan 9♥ slår 8♥.

De ulike sortane (spar (♠), hjarter (), ruter (), kløver (♣)) vert vurdert likt i elles like hender, f.eks. er ein Straight Flush i ruter med 10 på topp like mykje verdt som ein Straight Flush i spar med 10 på topp.

Dersom det etter alle reglane ovanfor framleis er uavgjort, vert serien delt mellom spelarane som har dei beste henene.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Poker oppstod i USA, og er til dømes kjend frå forteljingar frå det Ville Vesten. Spelet er framleis svært populært i til dømes amerikanske kasino, men har også spreidd seg utover heile verda. Poker har røter til Europa, som dei romanske primiera (italiensk), primero (spansk), eller prime (fransk), men liknar også på det gamle persiske spelet nas.

Medan poker hovudsakleg vert spela andlet til andlet, er det i nyare tid vorte mogleg å spele nettpoker på Internett, eller sjå videooverføringar av pokerturneringar.

Pokerturneringar[endre | endre wikiteksten]

  • World Series of Poker (WSOP): er ein serie pokerturneringar som vert spela i forskjellige pokervariantar kvart år i Las Vegas.
  • European Poker Tour (EPT): er ein serie med no limit Texas hold'em-pokerturneringar som starta i 2004 og er sponsa av nettsida Pokerstars.com.
  • World Poker Tour (WPT): er ein serie pokerturneringar der dei fleste profesjonelle pokerspelarar deltek.

Poker i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Det er straffbart med organisert pokerspel i Noreg. Det har vore ein tingrettsdom frå Midhordalnd tingrett på at poker heime med vener er lov når innsatsen vert avgrensa til nokre få hundrelappar. Ein kan kan også verta samde om å spele utan å satse pengar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wikipedia bokmål og tysk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Poker