Politiets heiderskross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search

Politiet sin heiderskross, Politiets hederskors er ein norsk medalje som vart delt ut av Politidirektøren. Medaljen vart innstifta 1. mars 2002, og avvikla i 2012. Medaljen kunne delast ut til norsk politipersonell som i politimessig samanhang har bidrege til å hindre tap av menneskeliv eller å avverje skader på materiell og eigedom med å vise seg som rådsnar under farlege tilhøve. Den kan òg delast ut til politipersonell som har vist personleg dugleik og mot utover det ein kan krevje under farlege tilhøve. Medaljen blir delt ut post mortem til alle som har mista livet under utføringa av farefulle politimessige tenesteoppdrag. Medaljen er forma som ein kross i gylt metall og kvit emalje. Adversen har kvite krossarmar. I sentrum av krossen er emblemet til Politietaten i raud emalje. Bak krossvengene er det prega gylt eikelauv. På reversen står det «HONOR ET MERITUM» (ære og innsats). Medaljen har eit oppheng som er forma som eikelauv med eikenøtt og ein gjennomgåande ring. Bandet er i svart og med to 2 mm breie, gule, vertikale striper ytst på kvar side.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bilete og statuttar frå Politiet sitt regelverk