Politiets medalje for internasjonal teneste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Politiets medalje for internasjonal teneste

Politiets medalje for internasjonal teneste vert delt ut av Politidirektøren. Medaljen vert delt ut til norsk politipersonell (både uniformerte og sivile) som har teke del i internasjonal teneste, etter avgjerd av norske politiske myndigheiter, i minst seks månader. Ein kan òg få medaljen for spesielle oppdrag av kortare varigheit, eller for fortenestefull teneste utanfor Noreg. Utanlandske personar som har ytt fortenestefull bistand til norske politistyrkar i utlandet. Medaljen skal berast med laurbærgrein ved meir enn 60 månaders akkumulert teneste i utlandet.

Medaljen er rund, forsølva og har ein diameter på 33 mm. Adversen har ein kross med eikelauvsbakgrunn og Politiet sitt etatsemblem i sentrum av krossvingane. Reversen har påskrifta "POLITIET - FOR INTERNASJONAL TJENESTE". Opphenget er ei kule med ein gjennomgåande ring for feste av medaljeband. Bandet er 35 mm breitt, svart og med to vertikale, fire mm breie, gule striper fire mm frå ytterkantane av bandet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]