Politimedaljen med laurbærgrein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Politimedaljen med laurbærgrein vert tildelt av Politidirektøren. Medaljen er i sølvfarga metall. Den er rund og har ein diameter på 33 mm. Adversen har Politiet sitt etatsemblem, og reversen har teksten «POLITIET - FOR TJENESTER». Medaljen skal berast i eit 35 mm breitt band i svart med ei loddrett, 4 mm brei gullstripe midt på. På bandet er det festa ei sølv laurbærgrein. Medaljen vert delt ut til politiembedsmenn, polititenestemenn og sivilt personell som har utmerkt seg på ein fortenesteleg måte i tenesta si for politi- og lensmannsetaten.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]