Pontivy
Pontivy | |
---|---|
Château des Rohan i Pontivy | |
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Bretagne Morbihan |
Geografi | |
Flatevidd - By |
24,85 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik |
13 508 544/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 60 m |
Tidssone | CET (UTC+1) |
Diverse anna | |
Postnummer | 56300 |
Heimeside: www.bonneville.fr |
Pontivy (bretonsk Pondi) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Morbihan i regionen Bretagne og har om lag 14 000 innbyggjarar.
Byen er hovudsakleg ein jordbruksby, og ligg der elva Blavet møter Canal de Nantes à Brest.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Ein munk med namn Ivy bygde ei bru over elva Blavet på 600-talet, og byen vart kalla opp etter han («pont» på fransk tyder «bru»). Frå 9. november 1804 vart namnet endra til Napoléonville etter Napoléon Bonaparte. Byen hadde på denne tida rundt 3 000 innbyggjarar. Etter Napoleon sitt fall fekk byen tilbake namnet Pontivy, men seinare vart det Bourbonville og så Napoléonville igjen då Napoléon III kom til makta.