Pordenone
| Pordenone | |||
| by | |||
Palazzo Comunale i Pordenone | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Friuli-Venezia Giulia | ||
| Provins | Pordenone | ||
| Høgd | 24 m | ||
| Areal | 38,21 km² | ||
| Folketal | 51 725 (1. januar 2023)[1] | ||
| Postnummer | 33170 | ||
| Retningsnummer | 0 434 | ||
![]() Pordenone 45°57′45″N 12°39′23″E / 45.9626°N 12.6563°E | |||
| Wikimedia Commons: Pordenone | |||
Pordenone (friulisk Pordenon) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Pordenone i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 50 000 innbyggjarar.
Namnet kjem frå det latinske «Portus Naonis» som tyder porten ved elva Noncello (latin Naon)
Historie
[endre | endre wikiteksten]Pordenone vart grunnlagd seint i mellomalderen som ei elvehamn ved Noncello og namnet Portus Naonis. I området var det alt villaer og jordbruksbusetnadar i romartida. I 1378 vart byen gjeven til Habsburg-familien etter å ha høyrt til fleire føydale styre og vart ein del av patriarkatet Aquileia. På 1300-talet voks Pordenone raskt på grunn av den blømande handelen langs elva og han fekk bystatus i 1314.
I 1514 vart han ein del av Republikken Venezia som bygde ei ny hamn.
Etter napoleonskrigane vart Pordenone innlemma i Kongedømet Lombardia-Venetia. Då byen fekk jernbane- og vegsamband vart hamna mindre viktig, men industrien vart kraftig utvikla, mellom anna innan handsaming av bomull. Pordenone vart annektert til Italia i 1866.
Etter den andre verdskrigen vart den lokale bedrifta Zanussi ein verdsgigant innan hushaldningsutstyr og i 1968 vart Pordenone hovudstad i provinsen med same namn.
Pordenone og resten av Friuli-Venezia Giulia vart etter krigen ein garnison med mykje militæraktivitet for å hindre ein eventuell sovjetisk invasjon frå aust.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://demo.istat.it/?l=it.
{{cite web}}: Missing or empty|title=(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Pordenone» frå Wikipedia på engelsk, den 23. desember 2007.
