Hopp til innhald

Portree

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portree
Port Rìgh
by
Portree hamn.
Foto: Gernot Keller
Land  Skottland
Region Highland
Tradisjonelt grevskap Ross and Cromarty
Folketal 2 480 (2016)
Postnummer IV51
Retningsnummer 0 1478
Kart
Portree
57°24′47″N 6°11′37″W / 57.413055555556°N 6.1936111111111°W / 57.413055555556; -6.1936111111111
Wikimedia Commons: Portree

Portree (skotsk-gælisk Port Rìgh) er ein by i regionen Highland i Skottland. Han har kring 2 500 innbyggjarar og er den største staden på øya Skye i dei Indre Hebridane. Den vesle hamna ligg skjerma til mellom svarte klipper og det pyramideforma fjellet Ben Tianavaig på austkysten av øya, inst i ei bukt ovanfor naboøya Raasay.

Namnet kan kome av det gæliske Port Rìgh som tyder «hamna til kongen». I så fall heng namnet kanskje saman med eit kongebesøk i 1540; då kom kong Jakob V til staden.

Men opphavet til namnet kan òg vere Port Ruighe eller Portrigheadh - hamna i skråningen eller hamna i åssida. Før 1500-talet var staden kjent som Kiltaragleann.

Omkring 939 personar (37,72 %) snakkar gælisk i byen.

Portree har eit museum om historia til øya, The Aros Experience. Det gjev detaljar om Bonnie Prince Charlie og Flora MacDonald, og ein ser nokre av gullplatane til det skotske bandet Runrig. Staden har ein pongtong bygd etter teikningane til den skotske arkitekten og sivilingeniøren Thomas Telford.

Rett i nærleiken ligg den vesle landsbyen Skeabost.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Portree