Potensial i fysikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Potensial er ein matematisk og fysisk storleik som blir brukt til å skildre visse eigenskapar ved kraftfelt, til dømes elektrisk felt og tyngdefelt. Omgrepet kjem av potensiell energi, stillingsenergi, som ein lekam får når det til dømes blir løfta i tyngdefeltet.

Elektrisk potensial[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå elektrisk potensial.

Med potensialet i eit punkt i eit elektrisk felt meiner ein det arbeid som må til for å føre ein lekam med positiv ladningseining inn i feltet og fram til punktet frå ein posisjon der lekamen har null potensiell energi. Elektrisk potensial er stillingsenergi per ladningseining. Eininga for elektrisk potensial er joule/coulomb = volt. Spenninga mellom to punkt i eit elektrisk felt er lik differansen mellom potensiala i punkta, og eininga for spenning blir difor òg volt.

Tyngdepotensialet[endre | endre wikiteksten]

Tyngdepotensialet i eit punkt i eit tyngdefelt er stillingsenergi per masseeining. I eit tyngdefelt er potensialskilnaden mellom to punkt lik arbeidet som blir utført på ein lekam med 1 masseeining (1 kilogram) når det blir flytta frå det eine punktet til det andre.

Alle punkt med same potensial i eit felt dannar ei potensialflate eller nivåflate. Nemninga potensial blir brukt med liknande eller tilsvarande definisjonar i magnetisk potensial, termodynamisk potensial, kjemisk potensial og anna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]