Poti
Poti ფოთი | |
---|---|
Styresmakter | |
Land | Georgia |
Geografi | |
Flatevidd | 65,8 km² |
Innbyggjarar - By (2014) - folketettleik |
41 465 630/km² |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 3 m |
Tidssone | MSD (UTC+4) |
Diverse anna | |
Nettstad: www.poti.ge |
Poti (georgisk ფოთი, Poti) er ein by vest i Georgia i provinsen Samegrelo-Zemo Svaneti. Han ligg ved austkysten av Svartehavet og er ein av tre hamnebyar i Georgia. I nærleiken av byen munnar elva Rioni ut i Svartehavet. Byen har 41 465 innbyggjarar (2014).
Poti vart grunnlagd som ein gresk koloni på 600-talet fvt. og kalla opp etter Phasis. Den første jernbanen som vart konstruert i Georgia vart lagd mellom Poti og Sjorapani i 1871. Segna om Det gylne skinnet (argonautne, Jason og Medea) fann stad ved Poti og elva Rioni.
Poti har eit subtropisk klima. Vinteren er mild og varm, og normaltemperaturen i januar er 5,2 °C. I juli er normalen 22,9 °C. Byen får ein god del nedbør og årsnormalen er på 1 960 mm.
Hovudnæringane i byen er service- og næringsmiddelindustri.
Marinebasen til Den georgiske marinen ligg i Poti.